søndag 29. mai 2016

OPERA PÅ BYGDA - EG TOK SJANSEN



Før jul i fjor skreiv eg eit innlegg som eg kalla TONEDØV.
Dersom du ikke har lese det, oppfordrar eg deg til å gjere det. 
Den gongen var det Ungdomskoret i Bud som kalla fram gode kjensler hjå meg.

Fredag kveld var det operaoen "Il sogno di Scipione"  framført av Romsdalsorkesteret med kor og solister på Bud Samfunnshus som gjorde inntrykk på meg.
Heilt siden leiaren i Bud Samfunnshus  (mannnen min) fekk spørsmål om leie ut til dette formålet, har eg forventningfull og spent sett fram til denne forestillinga.

Eg har aldri vore på opera før, ikkje likar det særleg godt heller.
Skrur gjerne av radioen dersom det kjem nokre arier der - tykkjer det er "leven".
Eg er heller ikkje særlig begeistra over strykeinstrument.

Kvifor skulle eg då bruke fredagskvelden og 250 kroner på ei forestilling?
Kvifor ikkje? Kvifor skal eg berre gå på det som eg på førehand veit at eg vil like?
Er det ikkje på tide å utfordre seg sjølv litt på dette og?
For det er kanskje ikkje alltid slik vi trudde det var.
Og vi bur da så visst i kulturbygda, BUD? Minst 4 kor, korps, band og orkester - that`s Bud.

Wolfgang Amadeus Mozart, you did a great job. Eg trur Idol, Norske Talenter og andre talentkonkurransar hadde vore ei enkel sak for ein som deg. Du var jo tross alt berre 15 år då du skreiv operaen.

Orkester, kor, solistar - herregud så flinke dei var til å tolke og framføre.
Så mange talent, så mange stemmer, så i ett med instumenta sine.
Samkøyrde, roleg og sikker, så talentfull. Unge, gamle - alle med samme mål.
Å gje oss ei musikkoppleving av dei sjeldne.
Og dei lykkast. Allereie frå første tone hadde dei oss, og vi vart der. Og ville helst ha meir.
Vi skjønte ikkje eit ord av det dei song, og vi var så fengsla at vi nesten ikkje kunne lese programmet.
Vi ville ikkje ta auga frå artistane. Herregud så heldige dei er - tenk å kunne spele og synge på denne måten.

Eg er så nøgd med meg sjølv. For at eg ikkje valgte bort dette.
For eg har blitt litt rikare i dag.
For ikkje kan eg synge eller spele, men eg kan lytte og la meg underhalde. 
Eg trur at dei andre 50-60 som løyste billett, er einig med meg.

Eg trur ikkje at eg kjem til å laste ned opera på telefonen min etter dette, men eg oppfordrar fleire til å gjere som meg. Dersom høvet byr seg til å oppleve noko, ta sjansen av og til.
Denne veka har eg tatt sjansen fleire gonger, eg har blitt noko fattigare på pengar, men rikare på samvær og opplevingar.

Og eg kjem aldri til å skrive eit innlegg på nynorsk igjen.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar